Back to TV Shows
Odo
Overview
Javisst er Odo liten, men ein treng ikkje å vere stor for å vere sterk.
Status
Returning Series
Created By
Piotr Szczepanowicz, Mikołaj Pilchowski
Network
Milkshake!
Seasons & Episodes

Season 1
Episodes

Egget
Leirfuglane må passe på kvar sin stein som om det var eit egg. Odo vil heller sparke ball og får seg ei overrasking når «steinen» plutseleg klekker.

Høneklubben
Odo vil bli med i den tøysete høneklubben i leirskogen. Men for å få lov må den velse ugla først få hønene til å le.

Inspektøren
Dudel og Odo latar som dei er inspektør «Ooodel», og dei gir leirskogen ein pris: Den gylne eikenøtta. Alt går bra til den ekte inspektøren kjem!

Dudelsongen
Alle fuglar har ein kvitresong, men ikkje Dudel, som ikkje veit korleis Dudel-songen låter. Odo prøver å hjelpe Dudel med å finne songen sin.

Vegar Veggis
Odo tek med seg reven Vegar Veggis til leiren, men då blir dei andre fuglane livredde. Klarer Odo å overbevise dei om at Vegar Veggis er snill?

Filmen
Fuglane lagar film om leirlivet, og Odo får styre kamera. Alt blir ikkje perfekt, men filmen viser at alle har det kjekt og gjer sitt beste.

Fjørkamp
Odo får ikkje vere med på fotballaget. «Du er for liten», seier dei. Så dei små fuglane utfordrar dei store til kamp, men kan dei klare å vinne?

Nestkommanderende
Leirsjefen treng ein assistent, som må vere rask, rettferdig og hjelpsam. Odo har veldig lyst på jobben, men får konkurranse frå dei store fuglane.

Skremmande
Alle i leiren synest Odo er søt og morosam, men Odo vil vere skummel. Ved hjelp av ei mus skal Odo skremme alle leirfuglane.

Dragen
Odo vil fly dragen sin, men Leirsjefen bestemmer at dei heller skal lage fjørpynt. Både pynten og dragen trengst når ein skremmande inntrengar kjem.

Krusedudel
Fuglane skal lage eit portrett av venene sine. Odo vil måle bestevennen, Dudel. Men det vil også Thelma gjere.

Flyskrekk
Dudel har flyskrekk, og Odo prøver alt for å hjelpe den vesle venen sin. Men Odo oppdagar at den beste hjelpa er å lytte.

Ostemånen
Odo og Dudel prøver å bevise at dei kan reise til månen, men klarer det ikkje. Så lærer Odo sin pappa dei eit lurt triks.

Livet i dammen
Leirsjefen arrangerer damdag i skogen. Odo og Dudel oppdagar pitte små vesen som ein dag skal bli store dyr, akkurat som dei skal bli store fuglar.

Kjekstjuven
Odo blir skulda for å vere kjekstjuv, men ugler er ærlege fuglar. Dudel og Odo må fange den verkelege tjuven, men får seg ei stor overrasking.

Overnattingsbesøk
Odo inviterer til overnattingsbesøk. Dei har godteri, og dei prøver å skremme kvarandre. Men når natt-dronten kjem, blir det skummelt på ekte!

Fjørvekst
Det er tid for «Jungelelitens Store Hinderløype-Utfordring»! Men Odo er for liten til å få vere med. Korleis skal ei lita ugle bli stor nok?

Superugla
Odo tar på seg ei kappe og kallar seg Superugla. Men når Dudel treng hjelp, mistar Superugla kappa si. Då må Odo hjelpe Dudel ved å vere seg sjølv.

Fanga i hytta
Odo, Rosa og Flo blir innelåste i hytta til Leirsjefen. Medan dei ventar på å bli redda, underhalder Odo dei andre med ting dei finn i hytta.

Nye par
Odo og Leonardo må lage ein skulptur saman. Samarbeidet går ikkje så bra i starten, men så lærer Odo at ein ny ven kan vere verdifullt.

Snigelen
Odo har så lyst på eit kjæledyr, og snigelen Snorre treng å bli passa. Men eit kjæledyr er eit stort ansvar, og Snorre er ikkje lett å passe på.

Rotne eple
Det er eple-festival i leirskogen, men alt går galt, og Vegar Veggis får skulda. Klarer Odo å bevise at det ikkje er reven si skuld?

Den som ler sist...
Tukanane elskar å tulle, men så er dei uheldige og skadar Dudel. Då vil dei slutte å tulle, men i staden blir dei altfor seriøse.

Sørover
Odo lengtar sørover og prøver å sende seg sjølv dit i posten. Til slutt finn Odo ei solrik strand åleine, men korleis blir det der utan alle venene?

Luringane
Stjert og Ramp kan namnet på alle blada og trea i skogen. Odo vil bli like smart som dei to tukanane. Men er dei så lure som dei verkar?

Fuglestatuar
Høna Turid er ein meister i leiken som heiter fuglestatuar. Men Odo utfordrar Turid og håpar å bli den nye meisteren.

Arbeidsdag
Det er jobbedag og Odo har mange idear til bedrifta si. Men ingen av dei fungerer særleg bra. Så finn Odo endeleg ut kva dei andre fuglane treng.

Blomsterkraft
Odo og Dudel har meldt seg til å passe på ei spesiell plante. Med hjelp frå reven Vegar og Mikkel mus gjer dei alt dei kan for å halde planta trygg.

Festlege foreldre
Det er ta-med-foreldre-dag… eller er det? Å nei, Odo har tatt med foreldra sine til leiren på feil dag. Men Odo vil vise kor kule dei er likevel.

Stjerneregn
Odo og Dudel skal sjå på stjerneskot i lag med resten av leirfuglane, men Dudel går seg vill i mørket. Då oppdagar Odo ein nytting eigenskap.

Uflaks
Odo har berre uflaks og får ikkje noko snacks, øydelegg båten og raknar lua si. Dudel foreslår at dei skal finne ein firkløver for å få meir hell.

Inspektørfjør
Odo manglar berre èi fjør for å fullføre fjøralbumet sitt. Nemleg ei kongeørnfjør. Men då må Odo spørje Inspektør Fjør, og det er litt skummelt.

Ja og nei
Dudel likar ikkje å skuffe nokon, så ho seier «ja» til alle, men går difor glipp av favorittsongen sin på radio. Odo vil lære Dudel å seie «nei».

Fuglekongen
Brev Du får ansvaret for leirfuglane når Leirsjefen må på eit viktig møte. Men han klarar ikkje å vere streng nok, og det blir kaos i leirskogen.

Kake-overrasking
Når Odo og Dudel ved eit uhell et opp kaka som pappa skulle gje til mamma, må dei to småfuglane halde mamma oppteken medan pappa bakar ei ny kake.

OdoTidskapsel
Leirfuglane skal grave ned ein tidskapsel. Odo vil finne noko å legge i han slik at fuglar i framtida kan sjå korleis dei hadde det i Leirskogen.

Farvel til Kravle
Billa Kravle er død, og Odo veit ikkje kva som er rett å føle. Dudel vil hjelpe, men veit ikkje korleis ho skal få vennen sin til å føle seg betre.

Martin
Ein trekkfugl som heiter Martin kjem vekk frå flokken sin, og Odo og Dudel prøver å få han til å føle seg velkommen i Leirskogen.

Etter stormen
Yndlingstreet til Odo har velta i den store stormen, og Mikkel mus har mista heimen sin. Odo vil hjelpe Mikkel og familien å finne ein ny plass å bu.

Plast-plage
"Odo finn ei plastflaske som berre skapar trøbbel. Men så finn Odo ut at ting som andre har kasta kan gjere nytte likevel."

Uttrykk deg
Odo leverer beskjedar til leirfuglane, men vert misforstått og skapar kaos. Så no må Odo og Dudel finne ut kva beskjedane eigentleg betyr.

Det store reiret
Odo har ein ny dans som ingen legg merke til. Ugla lurer difor alle dei andre til å bygge eit kjempereir i toppen av eit tre som kan vere scene.

Ryktet går
Odo høyrer eit rykte om at Leirsjefen skal slutte. Leirfuglane gjer difor alt dei kan for å få henne til å bli verande. Men er ryktet sant?

Bekymring
Mamma til Leonardo er hos legen, og han er veldig bekymra. Odo finn på alle slags morosame aktivitetar for å muntre opp påfuglen.

Geir
Odo møter broren til Mikkel, Geir, men får seg ei overrasking. Geir stolar ikkje på ugler og likar difor ikkje Odo.

Fancy lunsjfiasko
Leirsjefen har ein viktig prat med Inspektør Fjør om Leirskogen. Odo trur det vil hjelpe å servere lunsj, men det går sjølvsagt ikkje etter planen.

Mimring
Odo hjelper Leirsjefen med å rydde ein gamal sti frå barndommen hennar. Leirsjefen mimrar, medan Odo opplever nye ting.

Superfugl
Det er Superfugl-konkurranse i Leirskogen, og alle vert overraska over kven som vinn. Dei lærer at dei ikkje må vere for raske med å dømme andre.

Lilla flokk
Alle fuglane får ei skinnande lilla fjør på hovudet – og elskar det! Men Odo og Dudel har ikkje lilla fjør og får ikkje vere med dei andre.

Rosa
Fuglane ryddar opp etter Skogsdagen og tar den enklaste løysinga. Men kva skal dei gjere når heile dammen er fylt med rosa pynt?

Fuglekikking
Odo har eit supert uglesyn og kan sjå ting på lang avstand frå toppen av trea. Odo blir heilt oppslukt og gløymer å vere med på moroa på bakken.

Mamma
Odo har aldri møtt mamma til Dudel eller sett kor ho bur. Endeleg skal Odo få bli med Dudel heim, men får seg ei skikkeleg overrasking.
Top Cast
Julia Dillon
Doodle (voice)
Shea Brady
Odo (voice)




